Sykling i søvne, eller Dårens trompet
Innbunden

Lyrikk, drama og essay

Sykling i søvne, eller Dårens trompet

Den nye diktsamlinga til Einar Økland kjem or den dyrebare natta og søvnen, men slentrar også rundt i sola eller lener seg på årane og ser ned mot botnen der livet glir vidare. Når vi dykkar ned i dikta, treffer dei både kropp og tanke med rare trykk.

Boka er tredelt og inneheld «Idyllar» (utan å alltid vere like idyllisk), «Erindringar» (som like gjerne kan vere frampeik) og «Formidlingar» (som balanserer sosialt mellom visdom og dårskap). Denne samlinga om livets geografiar, retningar og nedslag snakkar ikkje berre om livet, men også om korleis ein kan snakke om det _x0096_ når ein sjonglerer med det alvorlege, det humoristiske, det absurde, det attkjennelege og det overraskande.

429,00 kr
Einar Økland
Om forfattaren

Einar Økland

(f. 1940) debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar, og mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen og Gyldendalprisen.