Meldingar

Ei festreise for lesaren ... Det er lenge sidan eg har humra og ledd så mykje og så hjarteleg som under lesing av denne boka – som også har ein bodskap.

Brit Bildøen har tatt ei ny og overraskande retning i forfattarskapen sin med den blodferske romanen Adam Hiorths veg ... ei vital, viktig og tankevekkande forteljing.
Brit Bildøen
(f. 1962) er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, seinast P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). For same roman vart ho nominert på langlista til Dublin Literary Award.
Litterære prisar
NYNORSK LITTERATURPRIS 2018
For Tre vegar til havet
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO