Ledig stilling som innhaldsprodusent og digital marknadsførar
Brenn du for litteratur og bokformidling?
Har du bakgrunn som journalist eller innhaldsprodusent?
Vi søkjer ein idérik person med gode samarbeidsevner som skal jobbe med å lage og spreie god og interessevekkande digital bokformidling. Du er ein solid språkbrukar og kan levere manus i alle format.
Du får i oppgåve å byggje opp og ut Samlagets digitale kanalar, produsere innhald i ulike format og sørgje for at dette når ut. Du vil bli ein sentral brikke på forlaget og eit viktig bindeledd mellom Samlagets forfattarar og boklesarane. Du blir del av eit engasjert, hyggeleg og kompetent marknadsteam og får jobbe med spennande bøker og forfattarar som skriv innan alle sjangrar.
Hovudoppgåver:
- Produsere og jakte godt innhald i ulike format: video, foto, tekst og lyd
- Annonsere: Jobbe med plassering og målretting av digitale annonsar
- Utvikle og drifte Samlagets SoMe-kanalar i samarbeid med resten av marknadsavdelinga
Vi trur du er ein
- SoMe-ekspert som liker å jobbe både strategisk og praktisk, og som også kan følgje innhaldet ut til lesarane gjennom målretta annonsering
- innhaldsprodusent eller journalist som kjenner nyheitskriteria, og som bruker video, lyd, tekst og foto for å fortelje korte, gode og interessevekkande historier
- marknadsførar som veit korleis du jobbar ut innhald frå a til å, og som har interesse for å jobbe med plassering og annonsestrategi
Send CV, søknad og arbeidsprøver i foto, lyd, skrift eller video innan søknadsfristen 03.11.21.
Ta kontakt med sals-og marknadssjef Anne Liv Tresselt, 905 61 322, a.tresselt@samlaget.no, om du har spørsmål om stillinga. Stillinga er fast, og arbeidsstad er Oslo.
Om Samlaget
Det Norske Samlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år, og har over 1000 titlar i ordinært sal. Forlaget har 23 tilsette, og hadde i 2020 driftsinntekter på 60 mill. kroner. Samlaget gir ut bøker på nynorsk; skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og høgare utdanning. Forlaget har fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning. Lønn etter forlagets lønnssystem. Arbeidsspråket i forlaget er nynorsk.