Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg. Det var Arne Garborg og Rasmus Flo som grunnla Syn og Segn i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

Syn og Segn har ein tilsett, og det er redaktøren, Astrid Sverresdotter Dypvik. 

Dypvik er historikar med utdanning frå Universitetet i Oslo og Universität Leipzig. Ho er også sakprosaforfattar på Det Norske Samlaget. I 2018 fekk ho Samlagsprisen. Siste utgitte bok er «Det mørke Tyskland – ei reise blant høgreekstremistar» (Samlaget 2021).

Dypvik var tidlegare journalist og skreiv mellom anna for Morgenbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Nationen.

Vil du bil abonnent?

Vil du skrive?

Har du spørsmål til redaksjonen?

Ta kontakt på post@synogsegn.no

Foto: Ketil Blom Haugstulen