Profilhandbok
Til grunn for Samlagets visuelle profil ligg orda, setningane, skrifta og gjennom dette sjølvsagt nynorsken, som er unikt for Samlaget. Som varemerke og logo brukar vi no Samlaget som namn. Forlaget heiter framleis Det Norske Samlaget i ”selskapsamanheng”, men vi reindyrkar frå no av Samlaget i den visuelle presentasjonen av forlaget. Rota held vi berre på i nokre viktige samanhengar, på ryggen på bøker og som identifikasjonsmarkør i sosiale media. Grunnprofilen er dempa, men har overraskande og spenstige fargeval. Profilen er klassisk, men kan lett brukast meir eksperimentelt.
Ein profil som underbyggjer og framhever produkta
Profilen skal ikkje nyttast på ein prangande måte som konkurrerer med bøkene og produkta. Det visuelle materiellet vi lagar skal derimot framheve og løfte fram bøker og andre produkt. Ved å bruke mykje luft og kvite flater kjem produkta fram på nettsida, i katalogar og i anna materiell. Samlaget skal skilje seg frå andre forlag i den visuelle presentasjonen. Vi skal heile tida måle det kreative og visuelle arbeidet vårt opp mot det å overraske. Vi kan tillate oss å vere leikne, bruke frekke kommentarar på ein lun måte. Utstrakt bruk av tekst, sitat frå skjønnlitterære tekstar osb. opnar opp for dette. Samlaget har som mål å vere toneangivande når det gjeld visuell presentasjon av god litteratur.
Profilering av innhaldet i bøkene
Vi vil i stor grad vise fram det som er inni bøkene, både på nettsida, i katalogar og brosjyrar. Det å vise fram oppslag og utdrag frå utdanningsbøker, biletbøker for barn, praktbøker for vaksne, sniklesing av skjønnlitterære bøker gir lesarane ein umiddelbar inngang til produkta. Vi profilerer forfattarane gjennom bruk av gode fotoportrett, tekstportrett og intervju. Papirprodukta vi lager skal vere reine, enkle og matte, og av god kvalitet. Papiret skal ha tekstur og god bulk.