Olav H. Hauges vakraste dikt

Olav H. Hauges vakraste dikt

Olav H. Hauge (1908-1994) er etterkrigstidas fremste norske lyrikar.

Mange av dikta hans har blitt felleseige og har gått inn i norsk litteraturhistorie som klassikarar. No har Samlaget samla over 100 av dei vakraste dikta til Hauge i ei praktfull gåvebok.

Hauges dikt har nådd langt ut i verda og er blitt gjendikta til nær 30 ulike språk. Hauge har ein eineståande appell på tvers av generasjonane, og dikta har gjort han til ein av våre kjæraste lyrikarar.

Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje – at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.