Materialval på papir og flater
Profilen legg opp til bruk av papir med tydelege fiber, bokpapp i grått og brunt, bomullsark som kjennest mjukt og som gir litt ekstra når ein pregar eller stansar.
- Papiret bør sjå ekte ut.
- Miljøvennleg.
- Ikkje jålete.
- Klassisk. Enkelt.
- Signal om opphav.
- God tjukkleik der ein kan. For tynn kartong kjennest alltid billig.
Vi skal krysse det klassiske med det uventa. Tenk utradisjonelle flater og kombinasjonar.
- Det finst permar, mapper og eit utval konvoluttar i grovare miljøpapir. Dette kan gi ein fin kontrast til reinare trykksaker.
- Digitaltrykk, offset, foliering, silketrykk eller preg.
- Døma er frå Panduro.