Leseland pres
Leseland er ein serie med underhaldande og engasjerande lettlesbøker med ei god forteljing i sentrum.
Bøkene er tilpassa barns interesser og lesekunnskap, og er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar. Serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå, og inneheld også faktabøker for nysgjerrige lesarar som liker artige og spennande fakta.
Leseland er delt inn i 5 ulike lesenivå.
NIVÅ 1
Bøkene eignar seg for barn som nett har begynt å lære å lese.
Bøkene har lita tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta. Barna lærer å lese både tekst og bilete.
Enkel og kort tekst, korte setningar, 5-10 ord per side.
NIVÅ 2
Bøkene eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder.
Tekstmengde aukar litt. Bøkene har framleis mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.
Enkel og kort tekst, korte setningar, 15-20 ord per side
NIVÅ 3
Bøkene eignar seg for barn som begynner å knekke lesekoden, men som enda ikkje er uthaldande i lesinga.
Tekstmengde aukar, og lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel for å skape pausar i lesinga. Bøkene har illustrasjonar på kvar side.
Korte tekstar, korte til middels lange setningar, 30-50 ord per side.
NIVÅ 4
Bøkene eignar seg for barn som jamt over har knekt lesekoden og begynner å bli uthaldande i lesinga.
Tekstmengde aukar, og historiene er mer komplekse. Lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel med illustrasjonar på kvar side.
Middels lange tekstar, middels lange setningar, 70-90 ord per side.
Bokpakker
leseland 2018
Innheld alle dei 16 bøkene i Leseland-serien som kom i 2018.
NIVÅ 1:”Hundrelappen” og ”Det spøker!”
FAKTA, NIVÅ 1:«Visste du at …? KU», «Visste du at …? GRIS» og «Visste du at …? SAU»
NIVÅ 2: «Stupe-Stig”
NIVÅ 3: «Randi bur i koffert”, ”Hjartekrigen”, ”Kvar er Lurven?”, ”Den raude hansken”, ”Rideturen” og ”Raketten”
NIVÅ 4: «Fiskelykke”, ”Kidnappa”, Marie i kattepine” og Heksa Galla”
Lurar du på noko om Leseland?
Vi hjelper deg gjerne! Kontakt oss på...