Kva er Leseland?

Leseland er ein serie med underhaldande og engasjerande lettlesbøker med ei god forteljing i sentrum. Bøkene er tilpassa barns interesser og lesekunnskap, og er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar. Serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå, og inneheld også faktabøker for nysgjerrige lesarar som liker artige og spennande fakta.

Lese- og skrivedugleik er grunnleggjande for å kunne delta i samfunnet og demokratiet, og det er ein demokratisk rett å ha tilgang til litteratur på eige mål. Med Leseland vil både den unge nynorskbrukaren og nynorsken stå stødigare og vere betre rusta for framtida. Lansering av Leseland er derfor eit viktig tiltak for å styrkje nynorsk hos hovudmålbrukarane – det er eit demokratiseringsprosjekt.

Det er no 44 bøker i Leseland-serien fordelt på 5 ulike lesenivå.

NIVÅ EIN

NY I LESE­LAND

Bøkene eignar seg for barn som nett har begynt å lære å lese.

Bøkene har lita tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta. Barna lærer å lese både tekst og bilete.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 5-10 ord per side.

Nivå to

Kom i gang

Bøkene eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder.

Tekstmengde aukar litt. Bøkene har framleis mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.

Enkel og kort tekst, korte setningar, 15-20 ord per side.

Nivå tre

Lese­vennen

Bøkene eignar seg for barn som begynner å knekke lesekoden, men som enda ikkje er uthaldande i lesinga.

Tekstmengde aukar, og lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel for å skape pausar i lesinga. Bøkene har illustrasjonar på kvar side.

Korte tekstar, korte til middels lange setningar, 30-50 ord per side.

Nivå fire

Lese­proffen

Bøkene eignar seg for barn som jamt over har knekt lesekoden og begynner å bli uthaldande i lesinga.

Tekstmengde aukar, og historiene er mer komplekse. Lesaren møter nokre vanskelege ord. Teksten er delt i kapittel med illustrasjonar på kvar side.

Middels lange tekstar, middels lange setningar, 70-90 ord per side.

Lese­land for eldre barn og ungdom

Bøker for barn som vil lese korte historier med høg illustrasjonsgrad. Bøkene er spesielt godt eigna for sidemålsbrukarar og lesesvake, og er tematisk tilpassa interessene til eldre barn og ungdom.

Lettlesen og innhaldsrik tekst.