Bitmap og vektor:
Vektorgrafikk (bitmap). Grafikken kan skalerast uavgrensa utan sjenerande "hakking". Typiske bruksområde: logoar, strekbaserte illustrasjonar. Filformat: PDF, AI , EPS, WMF, SVG med fleire.

Punktgrafikk (vektor). Kvaliteten blir dårlegare ved skalering. Typiske bruksområde: bilete, illustrasjonar.

Filformat: TIFF/TIF, JPEG, PNG, GIF


Filformat:
TIFF (Tagged Image File Format) lagrar i utgangspunktet biletinformasjonen utan kvalitetstap, noko som betyr at filene blir ganske store. Fordelen er at ein kan kan åpne, editere og lagre filene igjen utan kvalitetstap som skuldast komprimering.

JPEG (Joint Photographic Experts Group) bruker ein komprimeringsmetode med kvalitetstap. Til gjengjeld blir filene oftast mykje mindre enn om ein bruker biletformat som nyttar komprimeringsmetodar utan kvalitetstap.

GIF er eit bitmap-biletformat som bruker ein palett med opp til 256 farger. Blir brukt i stort omfang på Internett. Formatet støttar også animasjon.

PNG (Portable Network Graphics) er eit patentfritt alternativ til GIF brukt på Internett. PNG er mykje meir fleksibelt fordi det støttar opp til 24-bits fargedjupne.

EPS (Encapsulated Postscript) blir ofte nytta for å sende vektorgrafikk (som logoar) som kun skal lesast men ikkje endrast av mottakaren. Eit døme er filer som skal sendast til eit trykkeri.

PDF (Portable Document Format) er plattformuavhengig og støttar både vektor og bitmap. Samtidig har det funksjonar for dokumentsøk og elektroniske lenkjer.


Fargeformer:
Vel fargeformat ut frå det mediet du arbeider med. I tillegg til CMYK, PMS og RGB har vi logoar i gråskalaformat og også ein negativ variant dersom du skal presentere logoen mot ein mørk bakgrunn. Les meir om dette under avsnittet "Logo og fargar ".

Dei fleste filformata kan presentere fargane på ulike måtar. Vel den som passar for di arbeidsoppgåve.

CMYK (Cyan, Magenta, Yellow, Key(Black)) blir brukt til standard 4-fargetrykk, som til dømes i avis eller tidsskrift.

RGB (Red, Green, Blue) blir brukt til presentasjon på skjerm, som til dømes Powerpoint og nettsider.

PMS (Pantone Matching System) blir brukt når ein lagar trykksaker med ferdigblanda fargar i samsvar med Pantone-standarden. Desse er gjerne eit krav til produksjon av skilt, visittkort og visse eksklusive trykksaker.


Generelle retningsliner:
Bruk ikkje andre variantar av logoen enn dei som du kan laste ned frå denne sida.
Unngå forstyrrande element rundt logoen. Logoen skal i utgangspunktet nyttast på kvit bakgrunn, ikkje på uroleg bakgrunn som foto og liknande.