Kvitt er den viktigaste delen i profilen i tillegg til dei raude nyansane. Utan kvite/lyse flater og rikeleg med luft druknar vi i fargar.

Raudt og grønt er krevjande fargar når dei står saman. Pass difor på å vege dei kritisk opp imot kvarandre. Har ein mykje raudt, brukar ein lite grønt og omvendt.

Ver varsam med bruk av den grøne i ulike kombinasjonar:

I ein fireklang bør ein bruke raudt-rosa-grønt og lys grå (sjå eksempel visittkort).

Ikkje lilla og mørk grå. Dette for å unngå at klangen blir for tung og metta og for ikkje å miste det delikate og friske.

Lilla og grønt saman med raudt gir ein fargekombinasjon som i intensitet kan minne om skjermfargar RGB. Alle fargane blir ståande og slåst om plassen. Raudt og rosa gir ein riktig og meir balansert kontrast.