Å føle eit uhemma begjær strøyme gjennom kroppen, å vere litt misunneleg når du treffer ein av dei irriterande gutane du gjekk på gymnaset saman med, som no har slått seg litt opp, eller å bli skikkeleg sint på til dømes dei ekle brørne sine - er det synd eller er det rett og slett sunt?
Kva med å vere så gjerrig at du nektar å gi tilbake flaskepanten, eller å fråtse i god mat og dyre vinar, eller å vere litt hovmodig for å vise at det faktisk er du som har rett? Eller kva med å kjenne det lette sløvsinnet kome når du køyrer bil gjennom Østerdalen og ser berre granskog og granskog og granskog. I mellomalderen var dette dødelege synder. I denne samlinga har sju forfattarar brukt dei sju dødssyndene som inspirasjonskjelde til ei forteljing om her og no.
Marit Eikemo
Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen og er i dag programsjef for Norsk Litteraturfestival.
Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.
Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.
Fleire foto av Marit Eikemo:
Fotograf: Agnete Brun
Litterære prisar
SAMLAGSPRISEN 2019
AMALIE SKRAM-PRISEN 2017
Går til ein kvinneleg skjønnlitterær forfattar som skriv i Skrams and.
SPAREBANKEN VEST SITT KUNSTNARSTIPEND
Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend for 2008.
ODDA MÅLLAG SIN MÅLLAGSPRIS
For Her, no. Møte med unge menneske.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO