Svart arv: kriminalroman
"Dersom historia Karine Mollurd fortalde, var sann, måtte folket hennar hatt ein faen så god grunn for ikkje å oppspore han tidlegare. Han hissa seg plutseleg opp ved tanken på at dei hadde latt han i stikken i så mange år. Dei hadde sete trygt med familieeigedom og visst om at det fanst ein som ikkje hadde fått sin del. Ein som vart fornekta! Hadde det ikkje vore for Karine Mollurd, hadde han fått gå gjennom resten av livet like uvitande. Men kvifor hadde ho bestemt seg for endeleg å ta kontakt? Dette handla om meir enn arv, det kjende han seg sikker på. Kva var det ho ville bruke han til?" Med vantru høyrer Sjur Tveit ei ukjent kvinne fortelje at ho er tanta hans, og at han har utsikter til ein større arv. Tanta, Karine Mollurd, fortel at farmora hans nettopp er død, og at testamentet snart skal gjerast kjent. Sjur Tveit reiser til bygda og til garden Mollurd. Dagen etter blir ein familiemedlem funnen drepen. Familieforholda er gjennomsyra av hat og vondskap og ulykkelege lagnader, og det ligg mange løyndommar skjult i historia deira. Lensmann Mons Strand etterforskar saka.
Magnhild Bruheim
Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.
Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.
Litterære prisar
Austmannaprisen
Austmannaprisen for 2010
Alf Helleviks mediepris
Alf Helleviks mediepris for 1998.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO