Olaug Nilssens bestillingsverk til Det Norske Teatrets hundreårsjubileum haustar strålande kritikkar i pressa. I stykket møter vi to nabopar. Det eine paret har eit barn og lever eit hektisk kvardagsliv ? eit ?småbarnshelvete?. Det andre paret ventar barn og ser på foreldrelivet frå eit teoretisk og romantisk standpunkt. Dei har heilt klare meiningar om korleis naboane med barn eigentleg burde takle sonen som skrik heile natta.
Det ligg ei attkjenneleg uro og ein angst under teksten, for alt som kan gå gale, for at ein ikkje strekker til, og for at ein ikkje gjer dei rette vala i avgjerande situasjonar.
Meldingar
Dette stykket burde alle få med seg. (...) Det setjer ord på kjensler som kvar ein forelder har kjent på. Følelsen av ikkje å strekke til, eller uroen for alt som kan gå gale. Og motsett: Peikefingeren vi alle av og til har hatt lyst til å vifte med til dei som ikkje gjer ting slik vi ville ha gjort dei.
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen, Les mye
Bla-i-boka
Olaug Nilssen
Olaug Nilssen(f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.
Fleire foto av Eivind Senneset: (Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO