Den snobbete og drikkfeldige forfattaren Hannah Krause-Bendix, som attpåtil har skrivesperre, inngår i ein svak augneblink eit veddemål om å skrive ein kriminalroman på tretti dagar.
Redaktøren sender henne til Island for å finne inspirasjon og arbeidsro, og ho installerer seg hjå gjestmilde Ella i den vesle, fredelege tettstaden Húsafjör.ur. Under den rolege overflata viser det seg snart å vere sterke straumar. Etter berre nokre få dagar blir Ellas nevø Thor fiska opp av vatnet. Drukna. Som dei fleste andre på staden var han son av ein fiskar, men han hadde også heftig vasskrekk. Alle veit at Thor aldri ville ha nærma seg vatnet på eige initiativ, så korleis kan han ha drukna?
Hannah begynner å utforske dødsfallet. Det verkar som ein lovande start på ein krimklisjé, men snart blir ho omslutta av dei farlege hemmelegheitene i Húsafjör.ur.
Frå dansk ved Maren Barlien Guntvedt.
Sitat frå melding
«Originalt og lekent» - Marit Egaas, Stavanger Aftenblad