Tallboy

Therese Bakkevoll |
Innbunden | ISBN: 9788234003493

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Forventa i sal: 14.03.2023
Om einsemd, begjær og overskriding.

T er miljøterapeut på det psykiatriske sjukehuset i Tromsø, og ho er på randa etter søvnlause netter. Kvardagen på avdelinga er tett på den kvilelause åtferda, desperasjonen og galskapen til pasientane. Farfar hennar ligg for døden, og ho kjenner ei fortviling over å skulle miste han og all kunnskapen om den nære fortida, om krigen - og ikkje minst om krigsskipet Tirpitz, som blei senka rett på andre sida av sundet. I eit forsøk på å finne feste i tilværet leitar T etter samanheng og meining, og då ein ny pasient, som påstår han er Noregs første astronaut, blir tvangsinnlagd, gir ho seg over til han - det einaste mennesket som ser ho for den ho er.

Romanen tar oss med til livet på ein psykiatrisk institusjon der både tilsette og pasientar kjempar for å behalde kontroll. Tallboy er ei annleis kjærleiksforteljing, der einsemd, begjær og overskridingar viskar ut grensene mellom kven som er sjuk, og kven som er frisk.

Therese Bakkevoll

Du likar kanskje desse

Sist sett på