Vinteren er lang og mørk. Ute i verda er det mykje uro. Og mormor er alvorleg sjuk. Eg-personen i desse dikta er den einaste i klassen som ikkje kan symje. Samstundes kjem det ein liten bror til verda. Så avslører mormor ei hemmelegheit frå då ho var ung - og får ein god idé. Saman byrjar dei å vente på sommaren.
«Badesommar» er dikt om å vere ung og å vere gamal, om alt som stadig endrar seg, og om å symje i alt slags vatn.
Boka er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.
eg tikkar og tikkar
er på nedteljing
seier mommo
du tikkar også
men du tel
oppover
heldige du
du tikkar mot
alt som skal og
kan skje
noko lyst og
noko mørkt
[...]
Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og bur i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, eit skodespel og ein psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene om Mari og Magnus.
I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne (2018), som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Begge desse bøkene er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. No er Ruth Lillegraven aktuell med ein ny detektivserie for barn om klima og miljø, illustrert av Jens Kristensen. Klodeklubben er ein internasjonal suksess, og rettane er selde til Sverige, Danmark, Polen og Færøyane.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO