Annleislandet Svalbard: små liv i storpolitikken
Journalist Line Nagell Ylvisåker har budd på Svalbard sidan 2005. Ho har hus og familie der, men ein gong må ho flytta derifrå. Det er ikkje lagt opp til at ein skal bu på øya heile livet, Svalbard har ikkje fastlegar eller sjukeheimar. Line er norsk statsborgar og kan flytta til fastlandet når ho ønskjer, men ikkje alle har den moglegheita.
Svalbardtraktaten i 1925 gjorde øygruppa Svalbard til ein del av Noreg, men også heilt annleis. Det er den einaste staden i verda der menneske kan slå seg ned utan visum eller opphaldsløyve. Alle kan busetja seg der, men ein må ha jobb eller pengar nok til å brødfø seg, og ein stad å bu. Utan det blir ein send heim av politiet. Det bur berre litt over 3000 menneske på heile øygruppa. Den norske busetnaden Longyearbyen er blitt ein smeltedigel av folk frå fleire enn femti nasjonar. Delen ikkje-norske aukar raskt. Den nest største folkegruppa kjem frå Thailand. For dei finst det ikkje noko tryggleiksnett, berre ein brutal arktisk natur. Svalbard skal ikkje vera ei bakdør til Fastlands-Noreg. Asylsøkjaren Omid fekk ikkje opphald i Noreg, reiste til Longyearbyen og er ein fri fange i ishavet. Tenåringsjenta Varisa er norsk i språk og kultur, men har thailandsk pass og dermed ingen rettar i Fastlands-Noreg.
Berre 40 kilometer vest for Longyearbyen ligg den russiske busetnaden Barentsburg. Der har russarar og ukrainarar budd side om side sidan 1930-åra. Etter krigen i Ukraina er både arbeidarar og leiing skifta ut. Fleire av Putins motstandarar har flytta til Longyearbyen.
Line Nagell Ylvisåker
Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) kjem frå Sogndal, men har budd i Longyearbyen sidan 2005. Ho er utdanna journalist og jobba tolv år i Svalbardposten. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard (2020) og barneboka Foxi. Sledehunden ingen ville ha (2022).
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO