Arbeidet mitt

Olga Ravn |
Innbunden | ISBN: 9788234006197

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price399 kr
Forventa i sal: 07.04.2022
Oppgjer med morsrolla.

Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt første barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillige inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg aleine om dette enorme nye ansvaret. Ho blir ramma av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vere seg sjølv og det å vere mor blir motsetningar, og korleis det å skrive og vere mor samstundes blir umogleg. Likevel er det å skrive heilt nødvendig.

Olga Ravn er ein av Danmarks leiande samtidsforfattarar, og med «Arbeidet mitt» går ho lenger i samfunnskritikken sin enn ho har gjort før. Dette er ein roman med prosastykke, dramatikk, dikt, dagboksnotat og journalskriv om den eineståande og grunnleggande eksistensialistiske erfaringa det er å setje barn til verda - ei bok om fødsel, barsel, husarbeid, fødselsdepresjon, katastrofetankar og shopping.

Olga Ravn fekk Politikens litteraturpris for romanen i 2020.

Til norsk ved Inger Bråtveit.

Sagt om Mit arbejde (2020):
Terningkast fem. «Tittelen er først tvitydig; arbeid og identitet er ikkje einstydande. Arbeid er noko ein kan gå til og frå utan å legge sjela si i det. Noko som er uhøyrt for myten knytt til det å vere mor. [...] Sakte [...] verkar det som Anna og eget aksepterer at ein kan vere ei mor som ikkje sjølv må døy for å gi liv til barnet. At ein ikkje er eitt med barnet.»
- Marie Louise Wedel Bruun, Berlingske

Olga Ravn

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på