Lomen svarar meg i blanke timar

Terje Tørrisplass |
Innbunden | ISBN: 9788252190526

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price320 kr

Terje Tørrisplass’ nye diktbok handlar om mellomtilstandar og overgangar i livet. Når dikta tematiserer bortgang og død, er det med forsoning: Naturen ber i seg spor av menneske som har levd, og varsel om tider som skal komme. Eg-et er nært knytt til naturen, som igjen er nær og samanvevd med mennesket og dagleglivet, og dette bandet viskar ut skiljet mellom notid og fortid.

Ein varde tronar i austaglenn.
Er det segnomsuset?

Eg er ein tvilar.
Ventar meg lite av himmelen.
Men i natt skal eg syngje fedrekvad

herme åreknirk
i det harde regnet.

Terje Tørrisplass

Du likar kanskje desse

Sist sett på