Syn og segn. Hefte 1-2020: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk
FLYKTNINGKRISA: For nokre år sidan prega flyktningkrisa avisframsidene, men kvar er journalistane no? Har vi heilt gløymt båtflyktningane? Ida Johanne Aadland har snakka med Janne Hegna, som sidan 2016 har arbeidd som hjelpearbeidar i Hellas utan løn.
SAMTALEN: Journalist, forfattar og redaktør Hilde Sandvik meiner nordiske perspektiv gjev luft til norsk samfunnsdebatt, men har ga.tt lei av Facebook-debattar og vert stadig meir kritisk til journalismen. I samtale med Øyvind Strømmen.
TEMA MENN OG PSYKISK HELSE: Korleis har dei det, menn som blir utsette for psykisk vald i parforhold, eller menn som mistar kontakten med ungane sine etter eit samlivsbrot? Vi veit at sjølvmordsstatistikken blant menn er høg, og at fleire menn enn kvinner tek livet sitt. Vi veit og at nær 70 prosent av dei som får spesialundervisning i grunnskulen, er gutar. Skribentar som mellom andre Peder Kjøs og Maria Kjos Fonn utforskar temaet menn og psykisk helse.
KLIMASPRÅK: For a. forsta. det komplekse fenomenet klima og dei mange tydingane det kan ha, er det heilt naudsynt a. studere korleis det vert snakka og skrive om klima og klimaendringar, skriv Kjersti Fløttum. Språkforskaren har sett på språket i det norske klimaengasjementet.
TIDSTJUVAR: Arbeider vi mykje meir enn det vi er klar over? Då Simen Dalehavn Faaberg fekk ein smarthøgtalar til jul, måtte han bruke tid på å lære han opp. I tillegg aukar bruken av sjølvbeteningskasser på butikken og sjølvinnsjekk på flyplassar. Er det ei forenkling, eller er det ein smart måte for bedriftene å lempe arbeidet over på forbrukarane?
I tillegg kan du lese ein spennande tekst om kunstig intelligens, eit nydeleg portrett av den makelause målaktivisten Annetta Garathun og skjønnlitterære tekstar av Øystein Orten.
God lesnad!
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO