Til døden skil oss

Anders Totland |
Innbunden | ISBN: 9788234012402

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Forventa i sal: 15.08.2024
Jacob Juul er tilbake!
Det er ei veke til bygdas nye prest Maria skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vere brudepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, som viser seg å vere ein handfull. Men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper heller ikkje at helsa til Jacob skrantar. Det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljeglinsande lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyde barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, då. Velkommen tilbake til Finnskogen!

Anders Totland

Du likar kanskje desse

Sist sett på