Team Tuva: roman

Marit Eikemo |
Innbunden | Sidetal: 174 | ISBN: 9788234006500

Pris:
Salspris429,00 kr

Om boka

Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller avgjerda om å satse på draumen sin, ein gong for alle.

Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren og psykologen. Tuva vil berre bli tatt vare på, men ho er ikkje så lett å forstå seg på: Korleis har ho det eigentleg med seg sjølv, og kva skjer når ho forsvinn gjennom kontordøra, ut i samfunnet igjen?

«Team Tuva» er ein roman om korleis vi påverkar kvarandre i stort og smått. Med denne boka viser Marit Eikemo verdien av fellesskap og kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre.

Sitat frå melding

«Overbevisende og innsiktsfullt om fellesskap og hva den enkelte kan bety for andre [...] Eikemo er kjent for å ta temperaturen på samtiden. Så også i denne romanen, som overbeviser med sin betoning av fellesskapet og den enkeltes betydning for andre, men som kanskje fremfor alt utmerker seg med skarpe psykologiske innsikter og en smittende omsorg og sympati for personene som skildres.» - Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad «kriblande tankestoff» - Eivind Myklebust, Klassekampen «Marit Eikemo briljerer igjen, og tar oss på kornet» - Mette Bleken, Hardanger Folkeblad «Eikemo byr på treffsikre observasjonar. Ho kombinerer det fåfengde og latterlege med ei overberande haldning.» - Marta Norheim, NRK «Snerten underholdning!» - Gabriel Moro, VG «Marit Eikemo tar originale grep i ein roman om vår krevjande og forvirrande tid [...] På eit liketil og sympatisk vis tematiserer Team Tuva den gamle sanninga om at kvar gong du står overfor ein annan, held du for ei kort stund lagnaden til det andre mennesket i handa di. [...] Ved å følgje Tuva og teamet hennar nokre timar kan ein på lettlese vis bli litt klokare på korleis vi lever livet vårt akkurat no.» - Hilde Vesaas, Dag og Tid

Bla-i-boka

Du likar kanskje også

Sist sett på