Kvelande kjærleik: roman
Elena Ferrante er av The New York Times omtalt som "ein av dei største romanforfattarane i vår tid". Dei kraftfulle romanane har gripe lesarar over heile verda. Kvelande kjærleik er Ferrantes første roman, og allereie her tematiserer ho forholdet mellom mor og dotter, slik vi kjenner det frå Napoli-kvartetten.
Meldingar

Guri Hjeltnes, VG

Marius Wulfsberg, Dagbladet
Elena Ferrantes forfatterskap er uten svake punkter.
Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten
Kvelande kjærleik er skriven i eit språk som putrar og boblar og ikkje minst luktar og dunstar, fylt som det er av eim og stank. Sørsdal ivaretek dette meisterleg – ein kan kjenne luktene sjølv, av mugg og søppel og parfyme og røyk, solvarma eller regnkjølt i eit rotete og trafikkfylt Napoli. [...] Kvelande kjærleik er eit intenst åtak på sansene. Ei slank bok, men rik.
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
Elena Ferrante kan kunsten å gi nyanser til det kompliserte forholdet mellom kjærlighet og eiesyke, og romanen vitner om at talentet hennes allerede viste seg i debuten.
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Elena Ferrante
Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO