Om boka
«Kva vi ville ha? Til å begynne med det halve befolkninga hadde fått berre ved å bli fødd.»
Det er 1895. Midt i klesvasken og full av blåmerke føder Rina Pierangeli Faccio barnet til mannen som valdtok henne – og som ho blei tvinga til å gifte seg med. Ubøyeleg bestemmer ho seg for å byte namn, og med det: skape eit anna liv.
1902. Romaine Brooks siglar til Capri. Ho har knapt nok pengar til ferja, ingen til mat. Penslane hennar er avskala og stive. Men ho er viss på at ho kan få selt eit måleri og slik forandre seg sjølv – og verda si.
I 1923 skriv Virginia Woolf: Eg vil starte med å skildre mitt eige kjønn.
Fortald gjennom eit kor av ulike stemmer er Etter Sapfo ei gledefylt nytolking av livet til fleire framståande feministar, sapfistar, kunstnarar og forfattarar frå førre hundreårskiftet, som kjempar for kontroll over eige liv, for frigjering og rettferd – eit eige rom.
Sarah Bernhardt, Colette, Gertrude Stein, Radclyffe Hall og Josephine Baker er blant dei mange kvinnene som deler sidene i denne romanen, som er like heftig som han er lysande. Frodig og poetisk, rasande og morosam. I Etter Sapfo har Selby Wynn Schwartz skapt ei forteljing som hylla fortidas kvinnelege pionerar og kunsten deira – og som gir håp for både samtida og framtida.
Boka er omsett av Oda Malmin.
«Andelaust, sanseleg vakkert … Noko nytt og nødvendig.»
Guardian
«Etter Sapfo oppnår det berre den rausaste kunsten får til: å skape ei meir fullkommen verd av det ufullkomne i vår eiga. … Eit verk av gripande geni, ein katalog over nærleik og nyvinningar, begjær og draumar.»
Washington Post
«Etter Sapfo er ei bok som bør nytast langsamt, som ein praktfull solnedgang – sjølv om ho roper mot nattas uunngåelege mørke.»
Boston Globe
«Eit forbløffande verk.»
Publishers Weekly
«Ei unik bok som rommar rettferdig harme like naturleg som lyrisk fridom og glede.»
Guardian, Books of the Year
Blant årets beste bøker hos BBC, Guardian, New Statesman og Independent.