Last ned omslag

Bla-i-boka

Ein halv dag

Hildegunn Dale

Refleksjon over bortgang og sorg

Skal ein skrive eller la det vere? Eg-et i denne samlinga reflekterer omkring sjølvmordet til den kjære, aldrande faren: «Eg held bilde. Eg held mange bilde. Ei mogeleg forløysing av ord. I det alt fell frå kvarandre.» Det oppstår eit rom her, gjennom det som glir frå kvarandre, som legg til rette for sansing og refleksjon. Minnebilete frå barndommen, naturen, reiser og stader knytte til farens død blir gjort levande i form av sterke poetiske fragment.

 

Eit hjarte er lite

som i ein storm treffer det vatnet.

Spreier bylgjene ut over.

Frå Bokmeldingar

«Hildegunn Dales Ein halv dag er blant vårhalvårets mest velgjorte diktsamlinger; Dales styrke er hennes helt egne blikk for mennesket i landskapet [...] og hennes evne til nøkternt og presist å presentere og utvide sine motiver.» Carina Elisabeth Beddari, Morgenbladet

«Det er en gripende og modig diktsamling, som evner å sette ord på mange sammensatte følelser. Dale [tar] fatt i spørsmål med stor filosofisk og psykologisk rekkevidde, og hun gjør det med varhet og klokskap.» Marit Grøtta, NRK

«Hildegunn Dales seinaste diktsamling handlar om å visa korleis det poetiske språket kan skriva fram det vibrerande nærværet som finst i verda, og om å visa fram korleis ein gjennom ei bok heile tida kan variera måten å framstilla dette på, slik at sjølve forflyttingane mellom dei ulike måtane å oppleva verda på kjem i sentrum. Boka blir til ei innsirkling av mangfaldet av verder, for å seia det slik. [...] Hildegunn Dale er kanon!» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen


ISBN: 9788252187410

Kategoriar: Alle bøker, Hildegunn Dale, Lyrikk, drama og essay, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2015, Hefta,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay


Meir frå Hildegunn Dale