Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same type åstad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tidlegare. Psykolog Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet.
Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Snart skjønar ho at dei står overfor ein iskald drapsmann. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i den nervepirrande jakta, ikkje minst sine eigne.
Meldingar
Langt over godkjent krimdebut
Pål Gerhard Olsen, Aftenposten
"Mer en godkjent debut fra Mæhle. Og begynnelsen på en serie det blir interessant å følge videre."
Torbjørn Ekelund, Dagbladet
"«Den mørke porten» er en medrivende spenningsroman med en løsning som er akkurat passe vanskelig å gjette seg til, og en antiheltinne vi gjerne får på besøk igjen."
Ola A. Hegdal, Dagens Næringsliv
Lars Mæhle er en av våre mest prisbelønte barne- og ungdomsbokforfattere. Skrive krim kan han også!
Jørn Lier Horst, forfattar
"Jeg vil ikke røpe mer av handlingen, for dette er en bok jeg anbefaler deg å lese. […] Boken er lettlest, og de mange historiene som dukker opp, gjør fremdriften formidabel."
Tine Sundal, Bokbloggar
"Ingen tvil om at nynorsk funker flott krimspråk. Stemningene forsterkes og lever på en annerledes og minst like spennende måte som når det skrives på bokmål. Det kreves selvsagt en forfatter som evner å formidle på lettlest vis med driv. Den egenskapen har Lars Mæhle."
Per-Magne Midjo, Trønder-Avisa
Lars Mæhle har skrevet en suggererende thriller hvor mennesker med stor evne til det gode, drives gjennom den mørke porten – og ikke finner veien ut igjen.
Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad
Dette er lettlest, men særs godt skrive. Ein krimdebut Mæhle skal vera stolt av. Eg ser ikkje vekk frå at me her har ein komande Rivertonvinnar føre oss.
Bokbloggar Geir Tangen, bokbloggeir.no
Sterk debut. Gode karakterer og et kløktig plott. Psykologen Ina Grieg blir det moro å følge videre.
Jørgen Brekke, i «Forfatternes kriminelt gode boktips», dittoslo
Den mørke porten har ein nerve og ein kombinasjon av fleire plott som etter kvart riv lesaren med og framkallar gåsehuda gjentekne gongar.
Arne Ruset, Romsdals budstikke
Bla-i-boka
Lars Mæhle
Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.
Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.
Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO