Aldri redd for mørkets makt: historia (s)om eit brotsverk: roman

Jørgen Norheim |
Hefta | Sidetal: 315 | ISBN: 9788252193992

Pris:
Salspris229,00 kr

Om boka

Gåtefulle forsvinningar i Stalins Sovjet.

Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og finne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvann han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar får på mange måtar ein oppvekst som er typisk for etterkrigstida: Han blir militærnektar, student og politisk aktivist - og etablerer seg som teknisk sjef i Øvre Valdres. Men ideen om å finne ut kva som skjedde med bestefaren, slepper aldri taket. På ei av reisene i den tidlegare Sovjetunionen forsvinn han sjølv.

Aldri redd for mørkets makt er ein roman om stalinismen og om tankegodset som nådde heilt inn i norske studenthyblar på 1970-talet. I glimt ser vi òg ei norsk familiehistorie over fire generasjonar. Kvar på sin måte stiller romanpersonane seg det store spørsmålet: Kvifor valde eg som eg gjorde?

Sitat frå melding

Terning 6"Både i innhald, sjølve historia, og konstruksjonsmessig, ned til verbale detaljar, er Jørgen Norheim på litterær linje og lag med Kjartan Fløgstad. Og dermed nesten fullrost. (...) Innhaldsrikare og formsikrare norsk roman er ikkje lett å finna."
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

”Sprekt, sint og ganske så sant fra Jørgen Norheim, om hvorfor venstresidens nordmenn ble som de ble."
Ola Hegdal, NRK

”Et imponerende og viktig stykke litteratur."
Turid Larsen, Dagsavisen

Du likar kanskje også

Sist sett på