Åkeren på Manhattan: dikt

Åsmund Bjørnstad |
Innbunden | Sidetal: 83 | ISBN: 9788252195361

Pris:
Salspris329,00 kr

Om boka

Odar om natur og menneske.

Agnes Denes (f. 1931) er ein amerikansk konseptkunstnar og pioner innan økologisk land art. Våren 1982 sådde ho installasjonen
Wheatfield - ein konfrontasjon - ein åker med åtte mål kveite på ein fyllplass rett ved World Trade Center på Manhattan. Å så og hauste ein kveiteåker på eit jordstykke verdsett til 4.5 milliardar dollar skapte eit kraftfullt paradoks.
Hendingane den 11. september 2001 gav installasjonen ein ny og tydelegare relevans. I 2018 diktar Åsmund Bjørnstad om denne berømte installasjonen og skriv odar til mellom anna DNA-molekylet, til havren, til steinkolet og til kvaloljen,
dikt som omfattar natur, teknologi og menneske.

Sitat frå melding

«[...]Ved så gjennomført å setje dyr og planter i fokus, som i ei kopernikansk vending der menneskelivet er verdifullt, men ikkje lenger sentrum i tilveret, minner han oss på kor samanvevd alt levande er, og verdien av å ta vare på det. Han viser også kor perspektivutvidande det er at folk frå ulike fagfelt skriv skjønnlitterært».
Olav Gisle Øvrebø, BLA nr. 9, 2018

Bla-i-boka

Du likar kanskje også

Sist sett på