Julie Dalgård har alltid hatt eit nært forhold til veslebroren. I alle år har Julie og Lasse dratt ut på ekspedisjonar, eit fellesskap med fantasifull leik og røff humor. Lasse var to år då dei mista mora, Julie var tretten og uvillig til å ta morsrolla. Ho ber på ei skuldkjensle for at ho valde sitt eige ungdomsliv og reiste frå veslebroren. Og når Lasse får ein alvorleg kreftdiagnose, blir Julie fanga av tanken om å ta han med tilbake til barndomstraktene for å vekke kamplysta.
Englestien er ein roman om ei søster og ein bror som trassar ein dødsdom og legg ut på ei vandring i landskapet frå barndommen. For ein gongs skuld skal ho ikkje reise frå han. Lasse, derimot, prøver å få Julie til å gi slepp, for denne gongen er det han som må reise frå henne.
Dette er ein frittståande oppfølgjar til Paradishagen.
Meldingar
Sigrun Slapgard skriv vakkert om ei reise tilbake til barndomstraktene. [D]et er ein sterk roman om dei tyngste røynsler og dei viktigaste spørsmål i menneskelivet.
Odd Surén, Dag og Tid
”Sigrun Slapgard har i år levert ein gripande roman av det svært personlege slaget. (…) Det er ei stilleflytande forteljing Sigrun Slapgard gjev oss, men samstundes eit djupt og sterkt drama. Det er sårt og vondt å lese, men samstundes varmt og ikkje utan glimt av humor.”
Asbjørn Ringen, Gudbrandsdølen Dagningen
"Dette er ein vakker roman med fine sprang i tid og stad"
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
”Romanen er poetisk, sår og humoristisk. Sigrun Slapgard er en anerkjent biograf, med Englestien viser hun at hun også behersker den nye sjangeren til fulle.”"
Maja Elnan Bruheim, Trønder-Avisa
Sigrun Slapgard
(f. 1953) er journalist og forfattar. Ho har jobba som utanriksjournalist i NRK og har skrive ei rekkje bøker. For Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002) blei ho nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen. Også Eit hemmeleg liv (2020) blei Brage-nominert. For romanen Englestien (2013) fekk ho Nynorsk litteraturpris. Slapgard har også skrive ein biografi om Sigrid Undset og romanen Eg har sett jaguaren.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO