Reidun Høydal har skrive innleiinga, og 12 andre profilerte bidragsytarar har levert personlege og perspektivrike glimt frå kvart av dei 12 landsgymnasa: Asbjørn Aarnes (Volda), Otto Hageberg (Voss), Olav Arne Kleveland (Hornnes), Jarle Simensen (Eidsvoll), Per Vassbotn (Firda), Fritjov Øverland (Orkdal), Andreas Skartveit (Bryne), Gudleiv Forr (Steinkjer), Arne Finborud (Vinstra), Dagfinn Stenvold (Finnfjordbotn), Einar-Arne Drivenes (Alta), Vigdis Ystad (Bø). Gudleiv Forr gjekk sjølv på landsgymnaset på Steinkjer, medan Helge Vold gjekk på Eidsvoll. Boka er rikt illustrert.
"Det er lesverdig alt saman, og dette er blitt både ein viktig historisk dokumentasjon og ei minnebok for dei som fekk oppleve dette skuleslaget"
TERNINKAST FEMHarald Kjølås, Sunnmørsposten"Somme av skribentane her leverer ikkje berre velskrivne minne. Dei skriv strålande essay."
Jan Inge Sørbø, AftenpostenLes heile meldinga her"Gjennom denne boka har landsgymnasa fått eit velskrivi standardverk som gjennom fyldig omtale gir dette skoleslaget den plass i norsk skolehistorie det fortener."
Odd Asbjørn Mediås, Utdanning"Boka om Landsgymnaset, som Gudleiv Forr og Helge Vold har redigert - og særlig Reidun Høydals innleiande artikkel om kordan landsgymnaset vart til, har fått meg til å forstå at eg har misforstått: Landsgymnasa var ikkje ei grasrot-sak."
Andreas Hompland, DagbladetLes heile saka har