Gjensyn: der ingen skulle tru at nokon kunne bu
NRK-serie «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er ein av dei mest populære tv-seriane i Noreg gjennom tidene. Oddgeir Bruaset skapte programmet, og i tolv år var han programleiar for serien. Han reiste Noreg rundt og besøkte dei som budde på dei brattaste, mest uframkommelege stadene i landet vårt. Han møtte menneske som levde tett på naturen, mange under svært enkle kår.
I denne praktboka får vi eit gjensyn med nesten alle menneska som var portretterte av Bruaset. Vi får sjå og høyre om folk som bryt jord på forfalne gardar, som lagar eigen landingsplass for fly når vegen er uframkommeleg, om dei som vel einsemda og stilla, og dei som brått får friarar på døra. Vi møter Alma Jenssen, som budde åleine på ein holme i Nordland i nesten femti år, og som bar på ein løyndom livet ut. Mange vil også hugse Hunde-Per, som levde på Laksefjordvidda i noko midt mellom ein samisk gamme og eit vikinghus, og som har funne kjærleiken på ny.
Korleis har det gått med desse og alle dei andre i serien? Bur dei framleis på staden, eller har dei flytta? Om mange av stadene er lik seg sjølv, har mykje endra seg i livet til dei som bur der.
Oddgeir Bruaset
Oddgeir Bruaset (f. 1944) jobba i NRK frå 1971 til 2014. Han har laga ei rekke program og er mest kjend som programleiar for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Bruaset har skrive ei trettital bøker og er ein ettertrakta foredragshaldar. Han er frå Måndalen i Romsdal og bur i Spjelkavik i Ålesund.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO