Badesommar: dikt for barn

Ruth Lillegraven |
Mari Kanstad Johnsen (Illustratør) | Innbunden | Sidetal: 61 | ISBN: 9788234010538

Pris:
Salspris329,00 kr

Om boka

BADESOMMAR Ei vakker forteljing i diktform om å leve, og om å tore å kaste seg utpå. Eg-personen i Badesommar er den einaste i klassen som ikkje kan symje. Så blir det fødd ein liten bror, som skal lære seg alt, og mormor fortel noko hemmeleg frå då ho var ung. Saman byrjar dei tre å vente på sommaren. Badesommar er dikt for både barn og vaksne. Dei fortel om å vere ung og gamal, om å vere redd og å tore - og om å symje i alt slags vatn. Boka er illustrert av Mari Kanstad Johnsen. eg tikkar og tikkar er på nedteljing seier mormor du tikkar òg men oppover heldige du som tikkar mot alt som skal og kan skje noko lyst og noko mørkt livet sjølv [...]

Sitat frå melding

«Styrken i dikta ligg i den språklege rytmen. Smarte rim og gjentakingar skapar god leseflyt og sterke bilete [...] Dei er gode å lesa, dikta, det er som om eg-et lagar ein plass i bringa si til lesaren som det berre er å krypa inn i [...] Som i dei førre» - Karen Frøsland Nystøyl, Periskop «Lurer du på kvifor barn skal lese dikt, kan du få svar av denne fine boka. [.] Boka opnar opp for tankar kring nokre av dei største mysteria i livet: Kor blir tida av? Og kvifor må vi døy? [.] Ruth Lillegraven har ikkje svara på alle spørsmåla som unge lesarar kan stille seg. Men ho har spørsmåla. Nettopp difor skal barn og unge lese dikt; ikkje for å få ein fasit, men for å bli lokka ut på djupt vatn og lære seg å symje sjølv.» - Anne Cathrine Straume, NRK «Vakre, litterære og lettleste dikt om å våge å kaste seg utpå . både i konkret og overført betydning [.] Diktene er enkle, tilgjengelige og lettforståelige, men aldri endimensjonale. Språket er rikt, rytmisk, klangfullt og ofte bokstavrimende, med oppfinnsom og effektfull bildebruk [.] Å skrive både lettfattelig og litterært i diktform er en krevende øvelse som Lillegraven mestrer til fulle, og bildene beriker teksten og er med på å gjøre Badesommar til en av årets vakreste bøker for barn.» - Heidi Sævareid, Barnebokkritikk

Bla-i-boka

Du likar kanskje også

Sist sett på