Profesjonsetikk for barnevernspedagogar
I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.
Andre del av boka går inn på typiske etiske utfordringar ein kan møte som barnevernspedagog. Etter ein gjennomgang av bakgrunnen for dagens organisering av barnevernet og faglege normer og verdiar, tek forfattarane for seg typiske dilemma i dette arbeidsfeltet. Dette handlar ofte om interessemotsetningar, som mellom barnets interesser på den eine sida og vaksnes interesser på den andre, eller mellom omsynet til enkeltindividet på den eine sida og samfunnets interesser på den andre sida. Boka presenterer fleire aktuelle case og viser korleis ein kan arbeide med etisk refleksjon for å komme fram til gode handlingsval i desse situasjonane.
Jan Storø er dosent emeritus ved OsloMet - storbyuniversitetet, og filmkritikar. Han er forfattar av fleire fagbøker innanfor barnevern, ettervern, skriving og sosialpedagogikk.
Einar Aadland er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO