Alt som er: roman
Morfaren til Mariann, Lluis, valde å forlate kvinna han elska i Marokko. Mor hennar, Maria, valde å følgje den unge arkitekten ho forelska seg i, til Norge. Sjølv forelskar Mariann seg i ein ho ikkje kan få. Korleis taklar ho å bli vald vekk?
"Alt som er" er ein musikalsk og medrivande roman kor vi følgjer ein familie av arkitektar gjennom tre generasjonar. Veggane i den gamle tømmervillaen deira på Vinderen held godt på løyndommane og sanningane om dei som lever der.
BRIT BILDØEN er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga "Bilde av menn" og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er òg verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom andre P2-lyttaranes romanpris for "Sju dagar i august" (2014) og Amalie Skram-prisen i 2020 for heile forfattarskapen.
Brit Bildøen
Litterære prisar
DOBLOUGPRISEN
For forfatterskapen sin
NYNORSK LITTERATURPRIS 2018
For Tre vegar til havet
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO