Lånt stas: minneroman
Lånt stas er ein fantastisk minneroman om ein forfattars høgst uvanlege start på livet, og som raskt er blitt ein klassikar hos både lesarane og kritikarane.
Boka er omsett av Tove Bakke, som også har omsett Paula Fox' Desperate personar til norsk.
Føreord av Brit Bildøen.
Meldingar
"Dette er ei interessant og god bok, skriven i anekdotisk form av ein forfattar som veit kva og kvar ho vil. Med ei setning eller to teiknar ho scenene og situasjonane tydeleg og levande, og ho har eit framifrå blikk for særmerke og komikk. Ho legg ikkje mykje band på seg sjølv når ho skildrar veikskap og vondskap, men ho er også raus med godord til dei gode, og ho teiknar ikkje glansbilete av seg sjølv. Tove Bakke har sett om boka så fint at ein skulle tru teksten var skriven på nynorsk i originalutgåva, og Brit Bildøen har skrive eit føreord som straks får lesaren interessert både i boka og forfattaren. Slik skal det vera!"
Paula Fox
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO