Risp i berget

Øystein Orten |
Innbunden | ISBN: 9788252187465

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price400 kr

Som hans førre kritikarroste novellebok Sjabervik (2011) tek Ortens nye samling utgangspunkt i eit lite lokalsamfunn, der han lèt oss møte rotlause skapningar frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Med innsikt og språkleg eleganse formidlar han det uforanderlege hos mennesket gjennom tidene i ulike kortsjangrar som noveller, runeinnskrifter, bånsullar, kulokkar, balladar, preiker, graffiti og amerikabrev.

Vi blir vitne til ei reise gjennom historia, og får oppleve ei rekkje ulike menneskelagnader, frå det første steinaldermennesket som kjem roande nordover med eit lite barn, den namnlause trælen som ventar på å bli løyst, den vakre tenestetausa Dagny, soldaten Erik og den bekymra far hans og fram til den gravide tenåringsjenta som slit med å gjennomføre skulen, den prostituerte Maria og den femti år gamle firehundremeterløparen som ønskjer å vinne tilbake gamlekjærasten sin.

Risp i berget er ein overtydande kollasj av livsglimt, som spenner frå det dramatiske til det kvardagslege, frå det mørke til det humoristiske.

Meldingar

Øystein Orten

Du likar kanskje desse

Sist sett på