Gourmet for folket
Ole Jonny Eikefjord
Ole Jonny Eikefjord (f. 1970) kjem frå Førde i Sogn og Fjordane. Han starta kokkekarriera si på Sunnfjord hotell der han gjekk gradene frå læring til kjøkkensjef. Deretter blei han kjøkkensjef på Hotel Continental i Oslo. Der blei han ”oppdaga” av Petter Stordalen, og saman starta dei Restaurant Eik. I kjølvatnet av Restaurant Eik starta dei også opp Eik Annen Etage og fiskerestauranten Fjord. Alle dei tre restaurantane får strålande kritikkar og byr på herlege matopplevingar, så det kan vere smart å bestille bord god tid i førevegen. Ole Jonny er ein energibunt som trivst med å ha mange ballar i lufta. Hans favorittingrediensar er alt som er friskt og ferskt, og han kjøper gjerne råvarer hos lokale produsentar. Gourmetmat treng ikkje vere vanskeleg eller tidskrevjande å lage. Det er lov å jukse litt med buljong og fond, og det er fullt muleg å kjøpe ingrediensane i ein vanleg, velassortert daglegvarehandel. Gourmet for folket er den første kokeboka til Eikefjord.
Litterære prisar
Gourmand World Cookbook Award 2008
Beste norske debut-kokebok for Gourmet for folket
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO