Nesten frelst av Sigvart Dagsland

Olaug Nilssen |
Innbunden | ISBN: 9788252173154

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price379 kr
Vi følgjer Dagsland frå fødselen til i dag og er innom kjendisstatus, musikk, kjærleik og mykje anna – men særleg med fokus på kristentrua hans. Gjennom 15 år i bransjen, gullplater og Spellemannpris har han samarbeidd med svært mange musikarar og ulike produsentar. Dette er boka om ein særeigen artist som er i stand til å tenkje sjølv, og som til og med skaper kontroversar.

Dette er ei utradisjonell portrettbok med ein synleg og aktiv forteljar. Nilssen skriv om karrieren og musikken hans, men også om leddgikta og korleis han blir hjelpt av alternativ medisin. Dagsland fortel openhjertig om forholdet til mor si, og det blir avslørt korleis han fann saman med kona si, Karoline Krüger.

Forfattaren intervjuar hardbarka fans, som Pia Tjelta, om ei sterke kjenslene og humanismen i musikken hans, og Espen Ottosen om kristensynet til Dagsland. Dagsland trur ikkje på synd og helvete og meiner alle kjem til himmelen uansett kva dei trur. Nilssen er ikkje kristen, men håpar å bli det, og blir provosert av at det skal vere så enkelt. Ho gjer sitt beste for å tvinge Sigvart Dagsland til å frelse henne, endå han ikkje vil. Lukkast ho?

Olaug Nilssen er ein røynd forfattar, har vore tidsskriftredaktør i Kraftsentrum og er leiar ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho er oppvaksen med TenSing og er Sigvart-fan.

Sjå intervju med Sigvart og Olaug

Meldingar

Olaug Nilssen

Du likar kanskje desse

Sist sett på