For ope hjarte: noveller

Anna Gavalda |
Innbunden | Sidetal: 234 | ISBN: 9788252195767

Pris:
Salspris399,00 kr

Om boka

Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske.
Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter ein rikmannsgut som drøymer om å bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med - men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske?
Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn - som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.

Sitat frå melding

Terning 5 Ingen av historiene er utan sentimentale klangar der dei gjennom stramme scener avdekkjer små eller store konfliktar som trugar med å mørkleggja hovudkarakterane sine liv. [...] Mest rørande er historia om ein lastebilsjåfør som saknar ein astmatisk son, har ein døyande hund og lærer at ekteskapet hans likevel vil kunna la seg redda. [...] Tove Bakkes sprelske, munnleg klingande omsetjing verkar framifrå.

Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad

Et gjennomgående motiv her er nettopp åpning av dører, gjerne for fremmede, en marginal handling av livreddende betydning. Originaltittelen fendre l’armur betyr å kløvye rustningen, men også kløyv rustningen, en oppfordring til karakterene, men også leserne, antar jeg: Slipp andre inn! Med servering av livskunst light i et uhøytidelig språk finner Gavalda et stort publikum – «Saman er ein mindre aleine» (på norsk i 2005) solgte overveldende to millioner eksemplarer. På en svært lettlest måte kan hun levere sterke skildringer av folk med ulik klassebakgrunn.
Elin Kittelsen, Klassekampen

Frå ganske mørke stader lyder sju røyster, imponerande klåre og ulike, men med ei felles undertone av einsemd og rotløyse. Livet har ikkje akkurat leika venleg med desse menneska, men i kvar av novellene let forfattaren ei strime av lys og glede bryte inn. Eller ut. [...] Tove Bakke har ei eiga evne til å smelte originalspråket inn i nynorsken sin, slik at ein kjenner heten frå Gavaldas store språkpasjon.
May Grethe Lerum, BOK365

Bla-i-boka

Du likar kanskje også

Sist sett på