Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. No har han fått eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det, må Floke legge ut på ei lang reise. Den kronglete ferda gjennom skrømtskogen og over trollfjella fører han til sjølvaste Jotunheimen, staden kor gudanes svorne fiendar, jotnane, held til. Men kjem han til å klare å redde verda frå den totale undergang, tru?
I Floke 2 fortsetter teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl å leike med klassisk norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear. Bli med inn i eit smart, humoristisk og svært annleis vikingunivers!
Avslutninga på Flokes eventyr kjem i bok 3, planlagt utgitt i 2022.
Ida Eva Neverdahl (f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget, samt første bok i serien om Floke.
Sitat frå melding
«Streken til Neverdahl er naiv, sprelsk og levande, og det same er forteljarstilen hennar. Du veit aldri kva innfall som ventar på neste side, og særleg slutten av boka er noko av det særaste og artigaste eg har lese. Det er berre å gleda seg til bok numme» - Arild Torvund Olsen, Nynorskbok
«Ida Neverdahls gjendiktning av Ragnarok er et sprelsk og freidig stykke sekvensiell kunst. Tegneserien slår floke på fortidens forestillinger om heltemot.» - Egon Låstad, Barnebokkritikk
«[Ida Eva Neverdahl] har meir fantasi og originalitet enn dei fleste serieskaparar. (...) nå som eg definitivt kan kategorisere Floke som ein fullgod bokserie i moderne norsk teikneseriekulturs forstand, kan den anbefalast som eit friskt og vitalt alternat» - Trond Sätre, Serienett
Bla-i-boka
Ida Eva Neverdahl
(f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget, og dessutan dei to første bøkene i serien om Floke.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO