Bror min
I denne vakre bildeboka møter vi ei jente og far hennar i ei tid prega av sorg. Dei to lever ut sorga på ulikt vis. Faren trekker seg inn i seg sjølv, medan jenta drøymer om broren ho har mista.
Då jenta får faren med på drøymeleiken, skjer det noko stort og uventa.
"Bror min" viser kor ulikt barn og vaksne kan tenke om sorg - og korleis dei ulike perspektiva saman kan gi både innsikt og krefter til å leve vidare, saman.
Boka kan eigne seg for den som har mist nokon, men også som grunnlag for samtale med barn om kva døden er.
"Bror min" er ei forteljing om sorg og håp og om dei heilande kreftene som vi alle ber på.
Laura Djupvik (f. 1970) er forlagsredaktør og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier i Drammen. Ho debuterte med romanen "Båten er så liten" i 2004. Ho har skrive fleire bøker for vaksne, ungdom og barn.
Øyvind Torseter (f. 1972) er ein prislønt forfattar og illustratør, og har blant anna vunne Deutscher Jugendliteraturpreis, Bokkunstprisen og Bologna Ragazzi Awards. Han er kjent for bøker som "Hullet", "Mulegutten" og "Altmuligmannen".
Sitat frå melding
["«'Bror min' fører oss tilbake til den personlege
djupe opplevinga av eksistensens mysterium
slik ein mårekna med at folk opplevde det før i tida. Dette attsynet er det Laura Djupvik sin tekst og Øyvind Torseter sine illustrasjonar formidlar til oss. Og det er useieleg vakkert.» - Hadle Oftedal Andersen
Klassekampen "
"«Det er et alvorlig tema Bror min tar for seg
og boka mer en lykkes med å behandle det
uten dermed å bli alvorstynga. Den holder ser derimot i det leikne
med flust av plass til barnets følelser og impulser. Både i tekst og bilde uttrykker boka uro
fortvilelse og forventningsfull nysgjerrighet. Dessuten er den stillfarent vakker.» - Ulla Svalheim
Vårt Land "
"«Hvordan han [Øyvind Torseter] klarer å få så mye følsomhet frem i de saktmodige strektegningene sine
er nærmest magi. I dette samarbeidet med forfatter Laura Djupvik er det døden og sorgen over å ha mistet noen som tematiseres. «Bror min» er en forunderlig og fin bok om noe så smertefullt som tapet av en sønn og en bror. Den viser hvordan leken kan ha helbredende kraft» - Anne Cathrine Straume
Nrk.no "]
Laura Djupvik
(f. 1970) er forlagsredaktør, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013 og Hjartet er ingen logrande hund i 2019.
Litterære prisar
Guro Sandsdalens litteraturpris
For Hundre appelsinar og ein fiolin.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO