11. oktober 2023 er det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo, attentatet blei kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I denne boka nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid.
Kva er grunnen til at denne saka enda ikkje er oppklart? Kva skjedde då ein mistenkt vart arrestert og brått lauslaten? Kvifor fekk ikkje eingong Nygaard vite at saka blei henlagd i det stille i 2007? I 2018 blei to menn sikta for å ha forsøkt å ta livet av William Nygaard. Kvifor greier ikkje norsk politi å løyse saka? Er det frykta for å legge seg ut med Iran som gjer at denne kriminalsaka framleis ikkje har fått ei løysing?
Blodspora frå Dagaliveien fører heilt fram til i dag, i august 2022 blei Salman Rushdie knivstukken under eit arrangement i USA.
Sitat frå melding
«Vanvittig spennende om «den største politiskandalen etter krigen» - Kjetil Korslund, Subjekt «[...] er ytterst medrivende, helt uten å gå i «true crime»-klisjéfellene. Prosaen er korthuggen og journalistisk, poengtert og effektiv.» - Morten Ståle Nilsen, BOK365 «[...] utgjør det sterkeste dokumentet over en av vår tids sentrale saker i skjæringspunktet mellom ytringsfrihet, religion, rettsfrihet og storpolitikk. Nye funn samt nytt blikk på arkiver, pressedekning og sakspapirer bidrar til at Isungset skaper en kriminalkrønike som strekker seg over 30 år [.] I detaljrikdom og merkverdigheter slår dette det meste av det som skrives av fiksjonskrim.» - Mode Steinkjer, Dagsavisen «[...] et sviende oppgjør med slett politiarbeid, med Oslo politidistrikt, med det offentlige Norges manglende vilje til å knytte William Nygaard-attentatet til et større internasjonalt bilde og til fremmede stater, og til syvende og sist også et oppgjør med kolleger og det han kaller manglende journalistisk innsats.» - Mode Steinkjer, Dagsavisen «Isungset gir ei imponerande og heilskapleg framstilling av historia heilt frå fatwaen blei framsett [.] Dette er ei lærebok i godt journalistisk arbeid frå ein mann som har vore grenselaust uthaldande i nærare 30 år. Det fortener respekt.» - Einar Haakaas, Dag og Tid «Som lesar følgjer vi Isungsets arbeid med saka fram til i dag, med tallause krav om innsyn og funn av nye spor. Han møtte mykje motstand, også frå kollegaer i pressa, men han gav seg aldri. Det er denne kampen som gjer boka til spennande lesing.» - Einar Haakaas, Dag og Tid
Bla-i-boka
Odd Isungset
Odd Isungset (f.1955) er journalist og forfattar. Han har tidlegare vore redaktør i Brennpunkt og Dokument 2 og har fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnørpris og SKUP-diplom for sitt arbeid med Nygaard-saka. Det er i stor grad Odd Isungsets iherdige journalistiske gravearbeid som gjorde at saka blei gjenopna i.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO