Nærast er du når du er borte: dikt i samling

Tor Jonsson |
Innbunden | Sidetal: 267 | ISBN: 9788234004933

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Ny utgåve, utvida med 50 dikt

Tor Jonsson er rekna som ein av våre mest markante essayistar og diktarar. Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. «Eg åtte ikkje kjærleik», skriv Tor Jonsson i eitt av sine dikt. Han har likevel skrive seg inn i norsk litteraturhistorie med eit par av våre mest kjende kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte».


Nærast er du når du er borte. Dikt i samling inneheld dikt frå dei fire diktsamlingane Mogning i mørkret, Berg ved blått vatn, Jarnnetter og Ei dagbok for mitt hjarte. I tillegg finn du nokre av dikta han skreiv til avisene Dølenes Blad og Hallingdølen og tidlegare upubliserte dikt frå privatarkivet.


Tor Jonsson (1916-1951) vaks opp i tronge kår i Lom i Gudbrandsdalen. Jonsson skreiv i alle sjangrar, men det er lyrikk og essays han er mest kjent for. I sitt korte liv rakk han å bli ein etablert forfattar med fire kritikarroste diktsamlingar, i tillegg til skodespel og artiklar.

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Tor Jonsson

Du likar kanskje desse

Sist sett på