Ein sekstieinårig mann vaknar opp på eit hotellrom. Han har drøymt om stafetten i langrenn for herrar under OL på Lillehammer i 1994, som har nær tilknyting til ei dramatisk hending i hans eige liv. Vinteren 1994, same dag som stafetten fann stad, mista han den eldste sonen sin. Seinare blir han skilt. Han er vegingeniør, lever åleine, og er fast bestemt på å halde fram med det. Men då dottera ein dag overtalar han til å opprette ein facebook-profil, hamnar han på ei datingside som formidlar kontakt med aust-europeiske kvinner. Han får kontakt med Kataryna frå Kviterussland. Eit begjær blir vekt i han. No er han i Minsk, fast bestemt på å forføre denne kvinna som han trur han elskar, men som han enno ikkje har møtt.
Smith har skrive ein intens og stilsikker roman om tap, einsemd og begjær.
Meldingar
Nils Henrik Smith
Litterære prisar
Rogaland Mållags målpris
For Manhattan skyline og Austerrike
Tarjei Vesaas' debutantpris
For Manhattan skyline
Kåra til ein av dei ti beste norske forfattararane under 35 år i 2015
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO