Gjennom tilbakeskodande sveip får lesaren innblikk i endringar, i eit sjølv, i ei tid og i naturen som omgir oss. Her er livslinjer som kryssar kvarandre, men som ikkje alltid møtest, lik linjene i horisonten som heile tida peiker mot noko anna, fortidig eller framtidig.
Dikta i «Vegemot» handlar om å kjenne seg heime i eit landskap, utan at alt er falle på plass i livet. Om ein lengt som enno finst, og eit eg som framleis kliv, søkande og på leit, mot himmelbrynet, lik den vemodige låten av heiloa over levetidslandskapet.
Sitat frå melding
["\u00abBoka lokkar blikket mitt vekk fr\u00e5 alt som brenn og herjar, svalar tanken og l\u00e8t meg vere der eg har det godt. Ved vatnet, p\u00e5 fjellet, langs elva. Lengtande, likevel. Sjeldan har eg kjent meg s\u00e5 n\u00e6r i slekt med eget i ei diktsamling som i Terje T\u00f8rrisplass. Vegemot. \u00c5 lese dikta er som \u00e5 la seg omfamne av naturen, falle undrande til ro, men framleis lengte seg n\u00e6rare sitt menneske p\u00e5 jorda.\u00bb<\/span> - Janne Karin St\u00f8ylen, Dag og Tid <\/span>","\u00abDer noen poeter gir oss vakre parkplanter . og takk for det, er Terje T\u00f8rrisplass kjentmannen som viser vei til fjellgrana og gir oss ro til \u00e5 ta inn det vi blir stilt ovenfor, og hvem vi er i dette m\u00f8tet.\u00bb<\/span> - Bjarne Kj, Bokbloggar <\/span>"]
Terje Tørrisplass
(f. 1957) bur på Bromma i Hallingdal. Han debuterte med diktsamlinga Eg bygger ikkje byar i 2010. Vegemot er den fjerde diktsamlinga hans. I forfattarskapen til Tørrisplass står den livslange og tette relasjonen til naturen sentralt.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO