Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt, enkelt spørsmål: Kvar er du på veg - mot himmelen eller helvete?
Erstad vaks opp med foreldre som ikkje var særskilt kristne. Heilt sidan han som liten gut gjekk på søndagsskulen, var likevel målet med livet hans å kome til himmelen: Han måtte leve reint, gå på den smale stien og halde seg til boda til Jesus. Han var stolt over å kalle seg fundamentalist og meinte verda var korrupt og full av vantru. Trua hans gjekk snart ut over forholdet til familien. Systera, som var homofil, var redd for at ho aldri skulle få møte nevøen sin, sonen til Emil, og mora var djupt bekymra for kor ytterleggåande sonen hennar var i ferd med å bli.
I denne boka lét Erstad oss bli kjende med eit for mange framandt, religiøst univers. Undervegs prøver han å finne ut korleis han sjølv kunne bli så konservativ som han blei - men også kvifor han etter kvart tok til å tvile på den ekstreme måten han tolka Bibelen på. Dette er ei forteljing om ein mørkemann si personlege reise mot eit mildare lys, men boka teiknar også opp ein høgare, tematisk himmel: For kvifor er det eigentleg slik at nokon endrar både tru og meining, medan andre held fast på det same gjennom heile livet?
Sitat frå melding
["\u00abei god personleg historie om \u00e5 skifte meining [...]. Konvertittar fr\u00e5 ytterlegga\u00e5nde r\u00f8rsler har gjerne ein tendens til \u00e5 hamna i motsett gr\u00f8ft. Ikkje s\u00e5 med Erstad. Han har ikkje noko \u00f8nske om \u00e5 leva opp til klisj\u00e9en \"fr\u00e5 m\u00f8rkemann til opplyst liberal\"\u00bb<\/span> - Tom Hetland, Stavanger Aftenblad <\/span>","\u00abEmil Andr\u00e9 Erstads bok er en slags hudl\u00f8s selvangivelse mellom to permer. En moralsk egenevaluering i nynorsk spr\u00e5kdrakt utgitt p\u00e5 Det norske samlaget. Det er en fortelling om enorme pendelsvingninger b\u00e5de personlig, politisk og religi\u00f8st. ( ... ) \u00abM\u00f8rkem\u00bb<\/span> - Vebj\u00f8rn Selbekk, Dagen <\/span>","\u00abErstad har nokre passasjar det verkeleg svingar av. \u00c6rlegdomen hans gir driv, og den fine m\u00e5ten han kjem i forbindelse med seg sj\u00f8lv som seksten\u00e5ring gir dynamikk. I tillegg til eit sv\u00e6rt kompromisslaust oppgjer med den han var, trekkjer han linja heilt f\u00bb<\/span> - Sofie Braut, V\u00e5rt Land <\/span>","\u00abFellesskap, m\u00f8te med menneske og respekt trass forskjellar st\u00e5r dermed igjen som det st\u00f8rste for Erstad. Eller kj\u00e6rleik, som Paulus ville ha sagt det.\u00bb<\/span> - Merete R\u00f8svik, Klassekampen <\/span>"]
Bla-i-boka
Emil André Erstad
Emil André Erstad (f. 1991) var mellom 2016 og 2019 ein av Hareides næraste rådgjevarar i Stortinget. Han er tidlegare leiar i KrFU. Erstad kjem frå Radøy i Nordhordland og har studert samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han er tilsett som kommentator i Vårt Land. I 2016 gav han ut boka Farvel, Syria, og i 2019 kom Hareides fall.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO