Gjestene: roman
«Hytta var ikkje så prangande og vulgær som eg hadde håpa, tvert imot var ho smakfull og diskret, i grånande tre, glas og naturstein.
Ja, dette var - hm, sa eg og kom ikkje på noko. Eg hadde ønskt meg noko meir invaderande og blautkakeaktig kritikkverdig. Her var det ved første augekast ingenting Kai og eg kunne latterleggjere og håne og styrke alliansen vår på kostnad av, berre miljøvennlege materiale og ekstreme privilegium.»
Karin og Kai takkar motvillig ja til å låne ei luksuriøs hytte ved Oslofjorden. Men Karin er ikkje noko skjergardsmenneske, og det som kunne ha blitt eit fint avbrekk frå kvardagen, blir i staden ei påminning om alt det ho ikkje har. I møte med hyttenaboane, eit kjent forfattarpar, kjem Karin i skade for å servere ei kvit løgn, og snart har ho og Kai vikla seg inn i noko dei ikkje så lett kan vikle seg ut av.
«Gjestene» er ein roman om å samanlikne seg med andre og komme til kort.
Terningkast 5!
«uhyre sinnrikt og smart både uttenkt og utført. Historien, karakterene, sprangene i tid, alt sitter som støpt, et lite mikrobilde av Norge anno 2022.»
- Ole Jacob Hoel, Adresseavisen
Terningkast 5!
«Det er lett å fastslå at Ravatn skriver svært underholdende og har blitt en mester i sin sjanger.»
- Gabriel Michael Vosgraff Moro, VG
Terningkast 5!
«Ravatn tar situasjonskomedie til et nytt nivå. [...] Og selv om ærligheten som kjent varer lengst, er løgnen morsommere. Gjestene fikk meg til å le høyt. Alt er så stramt, så gjennomført. Ingenting står uten en grunn. Agnes Ravatn gir ikke romankarakterene sine tilfeldige yrker, hun deler ikke ut intetsigende replikker. Iris heter Iris og ikke for eksempel Siri. Og Karin heter Karin. Ravatn er rett og slett himla god til å skrive.»
- Maren Simonsen, BOK365
Terningkast 5!
«Fornøyelig og pinlig om menneskelig svakhet.»
- Maya Troberg Djuve, Dagbladet
«Gjestene er et tett psykologisk drama hvor den ene løgnen tar den andre. Ravatn drar oss rett inn i handlingen. Språket er effektivt og elegant, tonen er vittig og syrlig. Handlingen har akkurat nok av påfunn og nerve til at du ikke har lyst til å legge den fra deg.»
- Mari Grydeland, Aftenposten
Sitat frå melding
Bla-i-boka
Agnes Ravatn
Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, blant anna romanen Fugletribunalet (2013), som har gjort suksess både som bok og teater, og som er seld til mange land. Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit.
Fleire foto av Agnete Brun:
Litterære prisar
Ungdommens kritikarpris 2013
For Fugletribunalet
Språkprisen 2011
for framifrå sakprosa
Alfred Andersson-Ryssts fond
Alfred Andersson-Ryssts fond for 2008
Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend
Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend i 2008
Bergensprisen (Natt & Dag)
Natt & Dag sin Bergenspris for beste bok 2007
Kåra til ein av dei ti beste norske forfattararane under 35 år i 2015 Bokbloggerprisen 2013
For Fugletribunalet
Festspeldiktar ved dei Nynorske festspela 2014
P2-lyttaranes romanpris 2013
For Fugletribunalet
Arne Hestenes' journalistpris 2013
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO