Arbeidet mitt: roman
Forfattaren Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt fyrste barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillig inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg åleine om dette enorme nye ansvaret. Ho vert råka av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vera seg sjølv og det å vera mor blir motsetningar, og korleis det å skriva og vera mor samstundes blir umogleg. Korleis skal ein handtera den skamma som oppstår når ein ikkje kan kjenna seg att i samfunnet sitt tronge normalitetsomgrep?
«Arbeidet mitt» er ei bok om den radikale erfaringa det er å verta mor, om skitentøy, skriving og shopping og om å læra å elska det engstelege og opne i livet med barn. For romanen fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris i 2020.
Boka er sett om til norsk av Inger Bråtveit.
Olga Ravn (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen «Dei tilsette», som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen.
Sagt om «Mit arbejde» (2020):
Terningkast fem. «Tittelen er først tvitydig; arbeid og identitet er ikkje einstydande. Arbeid er noko ein kan gå til og frå utan å legge sjela si i det. Noko som er uhøyrt for myten knytt til det å vere mor. [...] Sakte [...] verkar det som Anna og eget aksepterer at ein kan vere ei mor som ikkje sjølv må døy for å gi liv til barnet. At ein ikkje er eitt med barnet.»
- Marie Louise Wedel Bruun, Berlingske
Sitat frå melding
Bla-i-boka
Olga Ravn
(f. 1986) er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar og forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg æder mig selv som lyng. I 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, den første romanen hennar, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 kom romanen Dei tilsette, som blei kortlista til Den internasjonale Bookerprisen. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO