Arnljot Eggen (f. 1923 - 2009) debuterte i 1951, og kan vise til ein omfattande forfattarskap i eit tidsrom på meir enn 45 år. Med debutsamlinga starta ei forfattargjerning som omfattar elleve diktsamlingar. Han har også skrive seks diktsamlingar for barn, i tillegg til teaterstykke og viser, og han har gjendikta mellom anna russisk og polsk lyrikk. Gjennom dikt, aforismar og visetekster viser forfattaren si realistiske orientering til livet. Med skarp ironi og humor gjer han opp med mytar og ritual som omgir oss, og er eit døme på at det ikkje berre er viktig, men også mogleg å skrive politisk poesi. Inspirert av dikting frå mange hald har Eggen sameina det politiske og det eksistensielle i poesien. Prisar Noregs Mållags barnebokpris 1963 (saman med Johannes Heggeland og Knut Hauge). Dagbladprisen 1968. Melsom-prisen 1971 for Bakside-viser. Kritikarprisen 1982 for Den lange streiken. Doblougprisen 1985. Melsom-prisen 1989 for Det flyktige varige.